I desse dagar kjem sjølvmeldinga i postkassa landet over. Er du bokmålsbrukar har du rett til større personleg frådrag på inntekta di enn dei som er nynorskbrukarar. I alle fall ifølgje skatteetaten.

I bokmålsutgåva av årets sjølvmelding er personfrådraget i skatteklasse 1 på 45. 350 kr. I nynorskutgåva er frådraget på 15.000 kroner skriv sognavis. I skatteklasse to er skilnadane enda større. Bokmålsbrukarar får 90. 700 kroner i frådrag, medan nynorskbrukarar får 30. 000 kroner.

Trykkfeil

Dei som trur at Skatteetaten favoriserer bokmålsbrukarane i landet tek nok likevel feil. Ifølgje Skatteetaten skuldast det heile ein trykkfeil.

– Det stemmer at det er ein trykkfeil på side 47 i nynorskutgåva av rettleiinga til postane i sjølvmeldinga. Dette beklagar me, seier fungerande kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Skattedirektoratet til sognavis.