Volda kommune sitt lager på Rotset vart natt til 11. juli utsatt for grovt tjuveri. No har politiet oppklara saka, opplyser dei.

- To menn frå Volda vart pågripne og sikta i saka i løpet av helga og måndag, og tjuvgodset, hovudsakleg verktøy og ein bærbar pc er beslaglagt av politiet, opplyser politioverbetjent Egil Rustad ved Ørsta lensmannskontor i ei pressemelding.

Pc-en inneheldt viktig programvare for Volda kommune.

- Måndag kveld vart pc-en spora opp og sikra av politiet, opplyser Rustad.

Fann datautstyret

Mesteparten av verktyet vart beslaglagt fredag kveld.

Etterforsking vidare førte til at politiet også spora opp datautstyret.

- Kan de seie kva slags programvare det dreier seg om?

- Nei, det må nesten kommunen svare på, seier Rustad til smp.no.

Dyrt verktøy

Han opplyser at ein av dei sikta er kjend av politiet for liknande forhold frå tidlegare.

Det er verktøy for fleire titusen kroner som no er komen til rette, blant anna nokre kostbare drillar.