- Politiet har pågripe og sikta ein mann i slutten av 20-åra for køyring i ruspåvirka tilstand, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye i Sunnmøre poliltidistrikt til smp.no.

Politiet i Ålesund rykka ut etter at dei fekk mistanke om at ein mc-førar køyrde med rus.

- Det vart også gjort beslag av mindre mengder formentleg narkotika på mannen, opplyser Overøye.

Mannen vart teken like over klokka 08 torsdag morgon, det viste seg at han heller ikkje hadde gyldig førarkort.