Politiet melder at ein ung mann fredag vart vist bort frå asylmottaket i Volda.

Mannen skal ha vore trugande og utagerande overfor personalet.

- Det dreier seg om ein som bur på mottaket. Han har fått beskjed om å halde seg unna resten av dagen. Utover dette vil ikkje saka få noko etterspel slik den er no, får smp.no opplyst ved operasjonssentralen til politiet.