Alt før svenskane kom med kravet om at det måtte haldast folkerøysting i Norge for å få avklart folkemeininga om unionen, hadde Christian Michelsen og regjeringa drøfta eit slikt tiltak. Dei visste at folket var samstemt for lausriving og meinte det ville vere nyttig overfor opinionen i resten av Europa og styresmaktene i viktige land som Storbritannia, Tyskland og Frankrike at dei fekk sjå at folket sto bak regjeringa. 13. august vart det avvikla folkerøysting. Kyrkjene rundt om i landet vart i stor grad brukte som røystelokale, og prestane var langt frå nøytrale i det temaet det skulle røystast over: Prost Strømme i Selje gjorde det klart at den som røysta nei til oppløysing av unionen var «et stort stykke af en forræder».Mann av huseFolkerøystinga var då også ein makelaus demonstrasjon av nasjonalt samhald. Folk gjekk mann av huse, og i dette tilfellet er det eit korrekt uttrykk for det var berre menn som hadde stemmerett. Blant dei relativt få som kunne stemme var det ein frammøteprosent som ein knapt har sett maken til seinare. Størst frammøte var det i Haram, der 98 prosent av dei med stemmerett møtte fram. Nesten like høg frammøteprosent var det i Stranda, Sunnylven, Ørsta og Norddal. Dagen vart oppfatta nærast som ein nasjonal høgtidsdag, kyrkjene vart fint pynta og det vart sunge nasjonale songar både før og etter avrøystinga. Frammøteprosenten for Møre og Romsdal under eitt var 91,4 prosent og for Sogn og Fjordane 92,5 prosent. I Sogn og Fjordane var det tre som stemte nei, ein mann i Selje og to i Sogndal. På Sunnmøre var det to nei-stemmer, ein mann i Volda, ein i Stranda valsokn som utgjorde kommunane Stranda og Stordal. Om nei-stemma var frå Stranda eller Stordal, veit vi såleis ikkje. «Tre svenskar i distriktet», skreiv Sunnmørsposten og sikta då i tillegg til dei to på Sunnmøre, til ei nei-stemme i Molde. Den fjerde nei-stemma var i Nesset i Romsdal.Også kvinneneTrass i at kvinnene mangla stemmerett ville også dei delta, og det gjekk ut oppmodingar frå ulike kvinneorganisasjonar om å skrive under på opprop som støtta oppløysing av unionen. Aksjonen vart imponerande gjennomført og nådde ut til heile landet. Kvinnene hadde ikkje manntalslister eller andre lister å gå etter, men var basert på innsamling av underskrifter i så mange kommunar som mogeleg. Heile 279.878 underskrifter kunne kvinnene overlevere til stortingspresident Berner den 22. august (12.108 frå Romsdal amt). I ettertid vart aksjonen brukt for å legitimere kravet om stemmerett også for kvinner, og aksjonen vart då også brukt som argumentasjon då Stortinget i 1913 ga kvinnene stemmerett.