Per Magnus Grøsvik er ein av gründerane i selskapet Shipadmin, med hovudkontor i Volda. Bedrifta leverer IT-løysingar, og har hatt offshoreselskapa som hovudmarknad. Etter at Grøsvik slutta som administrerande direktør har det oppstått tvist om dei økonomiske vilkåra knytt til avgangen, og i samband med salet av aksjar i selskapet.
– Grøsvik meiner han har pengar til gode, seier advokaten hans, Frode Skogvold.
Han vil ikkje seie noko om storleiken på kravet.
Shipadmin sin advokat ønskjer ikkje å kommentere saka.
Ask Safety
Samstundes har Grøsvik, gjennom selskapet Grosvik AS, gått til sak mot Ask Safety Holding i Ålesund. Ask Safety skal kjøpe Grøsvik sin aksjepost på 34 prosent i Shipadmin, men det er usemje om prisen.
– Grøsvik krev å få det som vart avtalt, seier advokaten hans.
Ask Safety avviser kravet.
– Vi meiner det har blitt halde tilbake opplysningar som har hatt innverknad på prissetjinga av selskapet, seier advokaten til Ask Safety, Øystein Vartdal Riise.