Tysdag blei framtida til Vigra Kringkastar diskutert, og rivinga vert utsett til 1. januar 2016. Det gir meir tid til å finne ei løysing på korleis ein kan verne det historiske bygget, som Venneforeininga ønsker å gjere til eit museum.

Utsett

– Vi sa på møtet at om det er ønskeleg, stiller vi med ein eingongskompensasjon i ein størrelsesorden på 1,5 millionar, som er det det ville koste å rive bygninga. Men då ønsker vi ikkje å ha noko eigarskap i bygget eller forpliktingar rundt eit museum og drifta av det.

Nøgd

Jon Hildre i Venneforeininga er godt nøgd.

– Fylket og Giske kommune har sagt seg positive til å vere med, men dei har ikkje gitt nokon lovnad om kor mykje pengar dei skal bidra med.

Leiaren for Sunnmøre Museum fekk i oppdrag å danne ei arbeidsgruppe for å finne ein truverdig løysing for eit levedyktig museum.