Torsdag hadde styringsgruppa for samanslåing mellom Ålesund, Ørskog, Skodje og Sandøy møte i Ørskog. På dagsorden var mellom anna dei interkommunale selskapa og samarbeidsorgana, som det finst om lag 50 av berre for Ålesund sitt vedkomande.

Ny vurdering

– Selskapa som vi har eit eigarforhold til må finne seg i å bli vurderte på nytt. Alle selskap vert juridisk oppløyste, og det må gjerast aktive val. Eigarstrategien er ei av dei mest brennbare sakene vi har, sa Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal, som leia møtet.

Kartlegging

Betre saman? Ei stor og tre små kommunar skal slå seg saman. Her er ordførarane f.v.: Dag Olav Tennfjord (Skodje), Eva Vinje Aurdal, (Ålesund), Karen Simonnes Aanes (Ørskog) og Oddvar Myklebust (Sandøy). Bak står prosjektkoordinator Anne Berit Støyva Emblem.

Det var ingen debatt om realitetar, berre diskusjon om framgangsmåten. Det vart vedtatt å starte ei kartlegging av alle interkommunale selskap, med frist til mai. Dei interkommunale selskapa går på kryss og tvert av alle kommunegrenser på Sunnmøre, og involverer mellom anna barnevern, IT-samarbeid, rekneskapskapsføring og renovasjonsløysingar.

Kommunal styring

– Det ligg i kommunereforma at dei nye kommunane sjølve skal utføre tenestene som dei skal gi til innbyggjarane. Då får vi også selskap som er fullstendig underlagt kommunal styring, noko mange av desse selskapa ikkje er i dag, seier Vinje Aurdal.

Stake ut veg

– Så alle dei interkommunale selskapa blir kommunale?

– Vi er i den spede starten på dette arbeidet, så det er vanskeleg å seie så mykje konkret. No skal vi først stake ut vegen, seier Vinje Aurdal.

Konsekvensane for nabokommunane kan bli store.

– Også dette er det for tidleg å seie så mykje om. Nabokommunar kan kanskje kople seg på, men då vert det eit spørsmål korleis dette skal prisast, seier Ålesund-ordføraren.

Gang- og sykkelsti

To konkrete prosjekt for nye Ålesund kommune er bygging av gang og sykkelsti mellom Ørskog/Skodje og Ålesund, samt breibandutbygging i område utan dekking. På møtet vart det fatta vedtak som sikrar vidare framdrift i arbeidet.

Dette var første møtet i styringsgruppa etter at Ørskog har kopla seg på bykommunen.

– For oss er tiltak for å betre infrastrukturen svært viktig. Vi manglar til dømes busstilbod på kveldstid, seier Ørskog-ordførar Karen Simonnes Aanes.

Møteleiing: Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal saman med prosjektkoordinator Anne Berit Støyva Emblem. Foto: Staale Wattø