OPPDATERING: Sjå Sandefilmen over!

Martine Almestad Hauge frå Sande reiste til Wales for å synge inn ein spesiallaga song til Sande om å føle seg heime.

– Eg er heimekjær, veldig glad i kommunen min. Eg er glad for å ha vakse opp akkurat der. Så dette ville eg gjerne vere med på, seier Martine Hauge til Sunnmørsposten.

I mini-dokumentaren følgjer vi Martine ut i den store verda. Ho skal ut og gjere noko ho aldri før har gjort: Synge inn i studio.

I Wales blir ho tatt i mot av Sylvia Strand, opphavleg frå Ulsteinvik, og mannen hennar Jonathan Gregory som driv lydstudioet i Wales.

Premiere på Sandemessa

No er ho veldig spent på resultatet. Laurdag har Sandemessa premiere på ein 20 minutts film om kva Sande har å by på, og samtidig er det premiere på musikkvideoen med henne i hovudrolla.

– Vi tenkte at vi også måtte ha ein song til prosjektet. Sånn kom Martine inn i bildet, seier filmskapar Tor Sivertstøl.

– Songen har kjensla av å vere heime, seier Martine Hauge.

Hovudfilmen på 20 minutt er laga på oppdrag frå Sande Næringsforum, og viser kva Sande har å by på i næringslivet og kulturelt. Det er altså ein promoteringsvideo av Sande kommune.