– Mi erfaring er at «Tyrving» skranglar og bråkar meir enn både «Tidevind» og «Tideekspress», seier Terje Høybakk i Maritim Forening for Søre Sunnmøre til smp.no.

MS «Tyrving» trafikkerer hurtigbåtsambandet mellom Hareid og Ålesund saman med MS «Tideekspress». Tidlegare gjekk MS «Tidevind» i sambandet.

Høybakk seier til smp.no at dei ikkje har fått mange klager på «Tyrving», men at det er på det reine at komforten ikkje er like god som i den større «Tideekspress».

Pendlaravgangar

Dette protesterte passasjerane og MAFOSS mot, og fylkeskommunen greip inn og stoppa omlegginga.

– Vi meiner det ikkje er klare nok reglar for når kva båt skal brukast, og at Norled av og til tøyar strikken langt i bruken av «Tyrving».

– Moderne og komfortabel

– «Tyrving» går av og til på desse avgangane på grunn motortrøbbel eller vedlikehaldsarbeid på «Tideekspress». Det er ganske normalt, seier Bjørn Egil Søndenå, som er regionsjef for hurtigbåtar i Norled.

– Eg kan ikkje forstå at nokon er misfornøgde med den. «Tyrving» er ein moderne og komfortabel båt. Vi har ikkje fått nokon klager på den, og tilbakemeldingane frå mannskapet er at den fungerer godt.

Ombygd

«Tyrving» gjekk tidlegare i Flaggruten mellom Bergen og Stavanger, og vart bygt om før han kom til Sunnmøre.

– Tidevind var mindre og takla ikkje sjøen like godt.

Følger med

– Vi skal iallfall følge dette tett, og kjempe for eit best mogleg tilbod ved neste anbodsrunde. Men det er eit problem at kostnaden ved anboda aukar kraftig, seier Høybakk.

Terje Høybakk frå Ulstein, dagleg leiar for Maritim Forening Søre Sunnmøre. Arkiv

Dagens anbodsrunde gjekk i utgangspunktet til 1. januar 2016, men ein opsjon i kontrakten gjer at denne perioden no er forlenga til 1. januar 2017.

Skal på service

I sommar skal «Tideekspress» inn til årleg klassifisering, og «Tyrving» vil difor trafikkere ruta åleine i skuleferien.

– Vi brukar å ta ut storebåten når trafikkgrunnlaget er lågast, og det er når elevane ikkje skal på skule, seier Sundanå.

Kva synest du om hurtigbåtane på Sunnmøre? Sei meininga di i kommentarfeltet under.