Ho starta hos Tind Spekemat AS, som fortalde at dei håpar å kome inn i nytt hus i Stranda om eit par års tid. Deretter stod Stabburet sin pizzafabrikk for tur. Dei byggjer allereie nytt fryselager og lefsefabrikk 180 for millionar kroner. Lefsefabrikken skal stå ferdig i september, fryselageret i november.
- Eg synest det er bra at produksjonen av Vestlandslefsa snart skal skje på Vestlandet, sa statsråden. Vestlandslefsa blir i dag produsert i Nord-Trøndelag.
Turen vart avslutta hos kjøtprodusenten Ole Ringdal AS på Hellesylt, der Kristen Ringdal fortalde at dei i fjor slakta 25.000 dyr. Men dei vil gjerne ha meir, særleg sauer.
Dei får iallfall sauene til familien Listhaug på Sjøholt:
- Far min sender dyra sine hit til Hellesylt fordi han meiner dei andre slakteria ligg for langt unna, seier Sylvi Listhaug – som la til at det kunne vere ei utfordring å få tak i kjøtvarer frå Stranda i butikkane på Austlandet.
- Så eg må nok hamstre litt no når eg er heime på Sunnmøre. Særleg saknar eg å kunne kjøpe kveilar med mør, smiler Listhaug.