Ferie kan Robert først ta når graset har slutta å vekse. I argaste slåttesesongen må graset haldast godt nedåt, særskilt når ein har ein så viktig jobb som plenklippar på Skodje kyrkjegard.

- Når sesongen er over, får han stå i ein oppvarma kyrkjekjellar og kvile seg. Det er nesten som å reise til Syden, det, seier Arnstein Sæthre med eit smil.

Ugagn

Administrasjonsleiaren for Skodje sokn har teke på seg ansvaret som fadder for Robert, og sørgjer for at han finn seg til rette på Skodje kyrkjegard. I grunnen klarer Robert seg godt på eiga hand, men han treng tilsyn. Robotklipparen kan nemleg vere noko eigenrådig.

– Han prøvde å hoppe ned frå ein stein ein gong. Det såg ut som han tok sats. Då fekk dei skjenn, både Robert og leverandøren, fortel Arnstein.

Litt dum

For som robotklipparar flest må Robert oppdragast, eller programmerast og kontrollerast, om du vil. Arnstein innrømmer at Robert er litt dum til tider. Sjølv kor mange gongar han har klipt delar av kyrkjegarden på Skodje, veit han ikkje alltid kor han er.

Og Robert må klippe kun innanfor det området som avgrensingsleidningen fortel at han skal halde seg innanfor. Dei kan ikkje ha noko av at han går laus på fint stelte graver. Det har Robert heller aldri gjort, forsikrar Arnstein.

Å kjøpe inn Robert kosta omtrent det same som eitt år med manuell klipping ville ha gjort. Til gjengjeld kan robotklipparen arbeide særs stillegåande døgnet rundt. Slik får Sæthre meir tid til andre plikter.

Les meir i Sunnmørsposten 18. juli.