I 2003 begynte Lisa Mari Breivik Anderson frå Dimnøya i Ulstein å produsere kortreist saft og syltetøy under namnet «Gode Greier».

– Eg valde det namnet fordi det er eit gammalt sunnmørsuttrykk, og fordi bestefar min alltid avslutta samtalar med «gode greier», seier ho til smp.no.

– Når eg har reist rundt har folk ofte lagt merke til namnet og sagt «Gode Greier – wow, for eit kult namn.»

Øvst på lista

Tidlegare i år lanserte Tine ein smoothie med namnet «Gode Greier».

– Det er mange som har kontakta meg om det. Folk trur eg har begynt med kommersielle produkt i vanlege butikkar, og det har eg absolutt ikkje. No følte eg det var på tide å seie frå om at eg er på saka.

Onsdag la ho ut ei melding på Facebook-sida si. Lisa Mari meiner Tine har stal namnet deira då dei lanserte Smoothie-produkta.

– Dei må ha søkt på «Gode Greier» på nettet før dei lanserte produktet. Eg får iallfall opp mine produkt øvst på resultatlista når eg søker på orda, seier ho.

Søkte ikkje om merkevare

Gardsprodusenten, som også sit i Ulstein kommunestyre for Senterpartiet, vedgår at saka hennar ikkje var så sterk juridisk.

– Eg registrerte berre selskapet under det namnet, og tenkte ikkje på å søke merkevareregistrering. Etter at Tine lanserte sine produkt, søkte eg om registrering. Då oppdaga eg at Tine hadde kome meg i forkjøpet og søkt.

Tine snudde etter medietrykk

Etter at smp.no og fleire andre medier tok kontakt med Tine om saka torsdag morgon, har det tydelegvis skjedd ting innanfor veggane til meierikonsernet. Torsdag ettermiddag sende dei ut følgande pressemelding:

«Vi beklager det som har skjedd. Sunniva Drikker (som er eigd av Tine, red.merk.) er en ryddig og profesjonell forretningsaktør, og vi tar denne saken på alvor. Vi velger derfor å skifte navn på merkevaren "Gode greier". Men vi kaster ikke produsert vare, og vil la varen bli solgt til vi har et nytt navn. Det gagner ingen å kaste verken en god drikke eller emballasje. Endringen vil skje så fort som mulig, sier daglig leder Lise Falkfjell i Sunniva Drikker».

– Yes!

Saka fekk dermed ein lykkeleg slutt for Lisa Mari.

– Yes! Det var akkurat det eg håpte på. Og eg forstår godt at dei ikkje vil kaste produkta, seier Lisa Mari til smp.no torsdag ettermiddag.

Ho gir Tine skryt for handteringa av saka.

– Det er tydeleg at trykket frå media og Bondens Marked har vore til hjelp. Eg håpte Tine skulle vise seg å ikkje vere ein aktør som overkøyrer småprodusentane og lagar store saker av slikt, og det viste seg å stemme.

Ho forsikrar om at no skal ho søke om merkevareregistering

– Det kan du vere sikker på. Eg vil ikkje at noko slikt skal skje igjen, seier Lisa Mari.