Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har handsama åtte søknader om bygging av småkraftverk i Volda kommune i Møre og Romsdal.

NVE gjev løyve til fire av kraftverka og avslag til to. For to av kraftverka har NVE tilrådd at Olje- og energidepartementet gjev løyve.

To avslag

Det er kraftverka Dravlaus, Vassbakke, Osvatnet og Øggardselva som får løyve.  NVE har også tilrådd at Olje- og energidepartementet gjev løyve til Osdalen kraftverk og Botnaelva kraftverk.

Samstundes har NVE avslått søknadane om bygging av Storelva kraftverk og Feirdalselva kraftverk i Høydalen.

Dei seks kraftverka som har fått løyve eller er tilrådd løyve, vil produsere omlag 46 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 2300 husstandar.

Behandla samla

Søknadane er behandla samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane, som best kjem fram når sakene blir sett i samanheng.

Verdfullt naturmangfald, landskap og samla belasting i området har vore sentralt i NVE si vurdering. NVE har lagt vekt på å få fram dei prosjekta som har minst konflikt med allmenne interesser og som samstundes vil bidra til ny fornybar energiproduksjon.

NVE har sett på miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta for å redusere konflikten med dei allmenne interessene.