Remøy og Rimfrost sit i dag på ein konsesjon til å fiske kril i Sørishavet, medan Kjell Inge Røkkes Aker Biomarine har tre. Fiskeridirektoratet har lysa ut konkurranse om to nye konsesjonar, og lokale Fish Group of Norway (FGN) ønsker begge. Aker Biomarine og Remøy har òg søkt om ein, men Remøy ønsker konkurransen ifrå nykommarane velkommen.

– Auka konkurranse vil gi fleire moglegheiter og meir innovasjon. Næringa og marknaden vil tene på at det er fleire enn to aktørar. Det er viktig at norske myndigheiter vaktar seg for at ein aktør blir for dominerande. Det er ikkje godt for konkurransen dersom ein aktør er veldig mykje større enn dei andre, seier Remøy.

Han meiner at fleire aktørar òg vil tene Norges interesser i Sørishavet.

– Det viktigaste for Norge er fleire seriøse aktørar i Arktis og styrka norsk nærvær. Det vil forsterke Norges stilling som leiande i området, seier Remøy.

Ny kriltrålar

Remøy har i dag konsesjon, men ikkje kriltrålar. Dei søkjer no ein konsesjon til. I den er det krav om å starte fisket innan tre år om dei ikkje skal miste konsesjonen. Det betyr at det kjem nyheiter om eit nytt fartøy frå Remøy etter kvart, men om detaljane er han ordknapp.

– Vi har kome langt i prosjekteringa og vil i løpet av hausten velje verft, er alt Remøy vil seie om den saka.

Innovasjon

I går fortalde FGN om ei løysing med kaldpressing som skal vere energisparande, men Remøy er trygg på løysinga dei har valt.

– Det er berre positivt at det er fleire løysingar og fleire innovasjonar. Vi har ti år med erfaring og har gjort betydeleg vidareutvikling av vår løysing. Den er nøye definert i vår søknad, seier Remøy.

Satsar: I går melde FGN at dei har søkt på to konsesjonar og vil bygge ein ny kriltrålar. Foto: Skjermdum