Din største politiske tabbe? Har eg kome for seint til noko? Det ville vore typisk meg. Kjem ikkje på nokon skikkelege brølarar. Drøymer du om på bli statsråd?Nei, eg synest stortingsarbeidet er interessant. Vi får gjennom mange viktige saker. Men eg hadde ikkje ein stortingsrepresentant i magen heller. Kva tener du som politikar? Rundt 700.000 kroner. Har du snakka usant som politikar? Ikkje som eg veit om. Marknadsfører du deg med eiga nettside? Er på Twitter, Facebook og skriv på Origo. Kva er di største politiske bragd? Var fornøgd med at innstramming av arbeidsmiljølova for vanlege folk blei reversert. Elles er reiselivs- museet i Balestrand viktig og flytting av grensa for nasjonale laksefjordar. Kven er ditt største politiske forbilde? Thorvald Stoltenberg er min Nelson Mandela. Har du nokon gong motteke eller utbetalt svarte pengar? Litt usikker på ein vedsekk. Kallen min betalte, og vi fekk kvittering. Kor ofte drikk du alkohol? Ein til to gonger i veka. Beskriv din lukkelegaste augneblink. Ein påsketur til ein fjelltopp på Norges tak, saman med ungane og mannen min. Då føler eg fullstendig lukke. Det er ei god kjensle som eg ber på lenge.