I eit brev til stiftinga sin advokat, Jørund Knardal, skriv Kystverket at dei tek sikte på å hente ut gjenstandane dei meiner dei eig i løpet av kort tid.

Brevet er signert direktør Sven Martin Tønnesen og spesialrådgjevar Harald Tronstad - og er eit svar på eit brev dei for nokre dagar sidan fekk frå advokat Jørund Knardal.

Linse-trøbbel

Der skreiv advokaten mellom anna dette om Svinøy fyr-linsa:

- Denne linsa vart gitt til Dalsfjord fyrmuseum frå Kystverket i god tid før opninga av museet. Einaste atterhaldet var at Kystverket ville låne linsa tilbake ved heilt spesielle anledningar, skriv advokaten – med ordet låne i hermeteikn.

– Fyrmuseet motset seg ikkje å låne bort denne linsa til Kystverket, men kan ikkje sjå at Kystverket no har opplyst at det ligg føre ei slik heilt spesiell anledning, la Knardal til.

Museumsvener: Tor Sindre Steinsvik, leiar i interimstyret for lokalmusea på Sunnmøre som har valt å stå utanfor Viti, Svein Velsvik, tidlegare styremedlem i Stiftinga Dalsfjord fyrmuseum, Eivind Lillebø frå venelaget til fyrmuseet - og Frode Løvik frå Dalsfjord sogelag. Bak dei ser vi linsa frå Svinøy fyr. Foto: Terje Engås

Har lita tiltru

– Stiftinga Dalsfjord fyrmuseums påstander om eierskap til gjenstander er stort sett udokumenterte. På bakgrunn av at en påstår eierskap til Svinøy-linsa og til utstillingsinfrastrukturen, som Viti har anskaffet for millionbeløp, har Kystverket liten tiltro til at stiftinga kan vurdere eierskapet til gjenstander på en objektiv måte, skriv dei to i brevet som er sendt til advokat Jørund Knardal.

Når det gjeld den mest spektakulære gjenstanden på museet, linsa frå Svinøy fyr, legg dei to frå Kystverket til at denne linsa sto lenge utstilt i kontorlokala på Nørve. Deretter var den i Japan som ein del av kulissene i ei oppsetting av "Terje Vigen", samt på ei utstilling i London.

Dei legg til at det var i samband med utanlandsopphaldet at understellet, med motor, vart laga. Dette understellet vart gjeve i gåve til Kystverket som takk for lånet av linsa.

På museumsbesøk: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, adm.dir. for Viti, og Harald Tronstad, spesialrådgjevar i Kystverket i Ålesund på synfaring i fyrmuseet i Dalsfjorden tidlegare i vinter. Foto: Terje Engås

Måtte lett kunne hentast ut

– Etter at linsen var tilbake i Norge, kontaktet vi Viti med tanke på fremvisning på museet. 22. mars 2011 gjennomførte museet en synfaring på Nørve der Ivar Gunnar Braathen og Frode Pilskog møtte fra museet. Viti ønsket å ta vare på linsen, og 14. desember 2011 ble svinløylinsen fraktet til Dalsfjorden, skriv Kystverket vidare i brevet.

Og vel framme i Dalsfjorden, held dei to fram, vart det streka under at linsa med understell måtte plasserast slik at ho lett kunne fjernast ved eit seinare høve. Difor måtte ho plasserast så nær utgangen som mogleg. Og det vart ho også.

Når det gjeld eigarskapet til andre gjenstandar på museet skriv dei må vere heilt klart at Kystverket ikkje har gitt frå seg eigarskap til nokon gjenstand til sogelaget eller Stiftinga Dalsfjord fyrmuseum etter at Kystverkmusea vart etablert i 2008.

Og dei legg til at Viti fråskriv seg ikkje rett til å eige gjenstandar som Viti sjølv samlar inn.