TINE Meieriet Ørsta fekk gull for sin Snøfrisk kremost kantarell og Tine Norsk Edamer vellagra. Ridder Classic frå meieriet i Tresfjord fekk sølvmedalje. Kvitlin frå meieriet i Ørsta stakk av med bronse, og det same gjorde Jarlsberg vellagra frå meieriet i Elnesvågen.

Det var over 4.500 ostar frå heile verda som kjempa om medaljar under World Cheese Awards i Trondheim, og fagekspertar fra hele verda bedømte dei ut frå mellom anna smak og kvalitet.

Tittelen «Verdas beste ost» gjekk til Nidelven Blå frå Gangstad Gårdsysteri.