Trafikken i dag har gått fint, og dagen gjekk betre enn venta, konkluderer trafikkoperatørane.

– Det har ikkje vore kø, men litt tett trafikk, seier trafikkoperatør Mette Brunæs i Vegtrafikksentralen aust.

Det same seier trafikkoperatør Ronny Sleire i Vegtrafikksentralen vest.

– Det har i all hovudsak gått bra. Det kan jo komme meir utover dagen, men eigentleg trur eg vi er over det verste, seier han.

Kolonnekøyringa på Haukelifjell gjeld ikkje lenger, men tunglast som skal over Hardangervidda bør køyre med kjetting, er beskjeden frå Vegvesenet.

Heller ikkje i Nord-Noreg har det vore travelt på vegane.

– Vi har eigentleg fått veldig lite førespurnader. Forholda er ganske greie, og vi har ikkje noko ekstremvêr her no, seier trafikkoperatør Ronja Aanes i Vegtrafikksentralen nord.

– Ver førebudd på forseinkingar

Tal frå dei siste to åra viser at onsdag i påskeveka, og dessutan 1. påskedag, er dagane med størst fare for forseinkingar på vegane.

– Begge dagane er det størst forseinking midt på dagen, rundt klokka 12 til 14. Ventar du med å reise til klokka 16 på onsdagen, kan du sannsynlegvis køyre køfritt dei fleste stader, rår avdelingsdirektør Nils Karbø i Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Køyrer du midt på dagen, må du vere førebudd på forseinkingar, særleg rundt dei store byane og på dei mest populære strekningane og fjellovergangane, legg Karbø til.

Han seier likevel at forseinkingar i påska primært er eit fenomen i Sør-Noreg. I Midt- og Nord-Noreg viser tidlegare tal ingen forseinkingar desse dagane.

Trafikkert ut av byen

Førebels lovar føret godt for dei som skal leggje ut på vegen i løpet av dagen.

– På hovudvegane er det stort sett bert og vått, men det kan vere enkelte glatte parti. Likevel ser det ut som at føret er ganske greitt, seier trafikkoperatør Brunæs.

Ho seier det er venta mest trafikk på dei store utfartsårane E6 nordover mot Lillehammer frå Oslo, Sollihøgda og Hønefoss og på E18 mot Drammen.

– Det er fordi folk skal til fjells, seier ho.

Hugs vinterdekk

Føret ser også bra ut på dei store fjellovergangane i Sør-Noreg. Politiet oppmodar likevel folk til å sørgje for at bilen er godt skodd for føret og til å ta seg god tid på veg til hytta og påskefjellet.

– Det er viktig å halde god avstand på vegen og ta tida til hjelp. Unngår vi stress, kan vi sleppe kollisjonar, seier operasjonsleiar Inge Landsrød i Søraust politidistrikt til NTB.

– Vi veit ikkje kor glatt det blir, men det verkar førebels greitt, så får vi håpe at det går bra for alle som skal farte av stad i dag, seier han.

Framleis vinterføre

Sjølv om våren byrjar å vise sine første teikn rundt omkring i Noreg, er det viktig å hugse at det framleis er vinterføre fleire stader, understrekar Statens vegvesen.

– Sjølv om det er berre og tørre vegar i lågtliggjande strøk, er det gjerne snø og vinterføre på fjellovergangar og i høgare strøk, seier Karbø og legg til:

– Vent til over påske med dekkskifte, sørg for at bilen har full tank eller fullt batteri og ta med ekstra klede, mat og drikke. Dette er særleg viktig viss du skal over fjellet.

Også Røde Kors oppmodar påskebilistar til trygg køyring og til å vise omsyn i trafikken.

– Sett tryggleiken først, berekn god tid, køyr etter forholda og vis omsyn til andre trafikantar slik at alle kjem seg trygt fram, er oppmodinga frå Roy Worum i Røde Kors Hjelpekorps.

(©NPK)