Politiet gjennomførte ein storkontroll på Ørskogfjellet gjennom seks timar onsdag.

Ifølgje Bygdebladet fann dei heile 45 avvik. 17 tunge køyretøy fekk skriftleg mangellapp på bremser og lys. Fire førarar blir melde for brot på køyre- og kviletida. Vidare fekk fem førarar gebyr for å ha mangla førarkort eller vognkort.

Seks førarar fekk mangellapp grunna manglande lys, tre fekk 3.700 kroner kvar i førelegg for solfilm på sidevindauga, og fire tunge køyretøy fekk 8.000 kroner kvar i gebyr for å ha mangla bombrikkeavtale.

Dessutan fekk føraren av ein varebil 3.000 kroner i gebyr for å ha køyrt med 650 kilo i overvekt, tre førarar fekk 1.000 kroner kvar i gebyr for utslitne dekk – og to tunge køyretøy fekk bruksforbod for manglande løyve eller manglande lastesikring.

I tillegg til politiet deltok også vegvesenet, Skatteetaten, Arbeidstilsynet og NAV i kontrollen, ifølgje Bygdebladet.