Illustrasjonsbilde. Foto: Evy Kavli / Åndalsnes Avis

Nye Veier planlegg for oppstart i 2024 på Veblungsnes og på utbetringar av Raustøl – Stuguflåten. Raustøl – Stuguflåten er den fem kilometer bratte stigninga øvst i Romsdalen.

For dei åtte kilometrane Marstein – Flatmark, forbi den berømte jernbaneundergangen på Skirimoen, jobbar Nye Veier med eit forslag som kjem i tillegg til Statens vegvesen sitt tidlegare forslag. Begge skal konsekvensutgreiast. Det er ikkje kjend når dette skal skje.

– Det er ikkje på denne strekninga ein skal spare kostnader, har Statsforvalteren uttalt tidlegare.

Nye Veier har ansvar for heile strekninga frå Vestnes til Otta, 190 km. Dei ser på 7,5 meter vegbreidde som ein minstestandard.

– Tre-fjerdedel av vegen er smalare enn 7,5 meter, som vi kan sjå på som ein minstestandard for vegbreidde, seier Christian Altmann i Nye Veier til Sunnmørsposten.