Ein ettermiddag i september var ein ungdom i slutten av tenåra på veg frå Ålesund til Bergen saman med to kameratar.

På Kvivsvegen i 80-sone, retning Hornindal, blei dei liggande bak ein trailer. Og den unge sjåføren valde å køyre forbi.

Då han nyleg møtte i Møre og Romsdal tingrett tilstod han at han hadde køyrt for fort. Han forklarte også at han ikkje fekk med seg at dei kom inn i ei 60-sone før Grodås.

Ved skulen i bygda hadde politiet fartskontroll, og den unge bilføraren frå Ålesund blei stoppa i 108 km/t.

Han har no fått dom på 15 dagar fengsel. Straffa er gjort betinga, med to år prøvetid.

Han er også dømt til å betale 14.000 kroner i bot.

Vidare mister han førarkortet i tolv månader. Og han må ta full ny førarprøve for å få rett til å køyre bil igjen.