Ålesund kommune har det siste året arbeida med å finne ut kva folk ønsker og treng frå gode byrom, ved å samle inn innspel og ved å eksperimentere med ulike løysingar, heiter det i ei pressemelding.

No er forprosjekt-perioden over, og landskapsarkitekt og arkitektane frå JAJA og Lala Tøyen har levert sin rapport.

Den 11. april skal denne bli presentert, og kommunen inviterer derfor alle som ønsker til samlinga. I tillegg til sjølve presentasjonen, blir det også mellom anna ein panelsamtale om «Metode, medvirkning og kunst i byutvikling», moderert av Victoria Charlotte Lund, og informasjon om vegen vidare for prosjektet og for byen.