Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet seier at han ikkje er bekymra for den nye koronavarianten. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB/NPK

Den nye varianten BA. 2.86 har vorte oppdaga i Sverige, og det skal vere stor geografisk spreiing.

– Varianten er enno ikkje påvist i kliniske prøver i Noreg, men det er sannsynleg at han er i omløp, men på eit lågt nivå, allereie og berre ikkje plukka opp enno. Vi held fram med å undersøkje spesielt for denne varianten og får nye resultat nesten kvar dag. Vi vil komme med ei oppdatering dersom vi skulle påvise varianten, opplyser seksjonsleiar Karoline Bragstad i Folkehelseinstituttet til NTB.

Ho påpeikar at varianten er svært endra frå tidlegare variantar vi har i Noreg, men at det er nokre likskapstrekk.

– Det er derfor venta at vi er meir verna no mot alvorleg sjukdom og død enn vi var i starten av pandemien nesten uansett variant. Kva betydning denne varianten kan ha, er det for tidleg å spekulere om. Vi er spesielt på vakt for om varianten kan spreie seg like hurtig eller hurtigare enn noverande variantar, seier Bragstad.

Aavitsland: Ikkje bekymra

Overlege Preben Aavitsland i FHI seier at han ikkje er særleg bekymra.

– Den har ikkje spreidd seg eksplosivt og ser heller ikkje ut til å gi meir alvorleg sjukdom. Det kan vere at dette berre er ein av dei mange variantane som kjem og går, og som ikkje klarer å utkonkurrere den dominerande varianten. Vi ser førebels ikkje grunn til bekymring, seier Aavitsland til NTB.

Han reknar likevel med at varianten snart blir påvist også her i Noreg.

Fleire koronasjuke på sjukehus

Det er fleire som går rundt og småsnufser no i overgangen frå sommar til haust.

– Inntrykket er at det er ein del forkjølte menneske der ute. Det kan vere korona, men det kan også vere andre virus, seier Aavitsland.

Han påpeikar at mengdene koronavirus i avløpsvatn frå Oslo og Viken er nokså stabilt.

Samtidig er det ein mindre auke i legebesøk for korona og også ein auke i sjukehusinnleggingar av personar med positiv koronatest, men ikkje for andre luftvegsinfeksjonar.

– Sjukehusa har desse vekene same talet på nye innleggingar for luftvegsinfeksjonar som på same tid før pandemien. Heilt normalt, altså, seier Aavitsland.

Aavitsland seier dei følgjer situasjonen med ei rekkje system og målarar. Koronasituasjonen blir følgd tettare enn influensasituasjonen.

Dette er råda viss du er sjuk

Det byrjar å bli ei stund sidan vi alle kunne smittevernreglar på rams. Aavitsland minner om råda.

– Rådet er å halde seg heime når ein blir skikkeleg forkjølt til det verste er over, sjølv om ein er testa og same kva testen viser. Ein bør også halde seg unna eldre og andre med særleg risiko, seier FHI-overlegen.

Testing er først og fremst aktuelt for eldre og folk med kroniske sjukdommar som ønskjer behandling med koronamedisinen Paxlovid. Legemiddelet kan truleg redusere risikoen for alvorleg sjukdom viss det blir gitt raskt etter at symptoma har byrja.

– For andre er testing for korona og andre luftvegsinfeksjonar unødvendig, slår Aavitsland fast.

(©NPK)