UP melder at dei har hatt trafikkontroll på E39 i Hornindal. To sjåførar hadde det litt for travelt og fekk fartsbot, blir det fortalt på UP Midt-Norge sin Snapchat-konto. Det blir ikkje gitt opplysning om kor høg fart det var snakk om.

Ein sjåfør fekk bot for bruk av mobiltelefon under køyring og ein annan måtte punge ut fordi han ikkje brukte bilbelte. Ellers mykje fin køyring, konkluderer UP etter kontrollen.