Responstid er tida det tek frå politiet får melding om ei hending til første politieining er på hendingsstaden. Krava til responstid blir avgjort av tre ulike tettstadkategoriar: Tettstader med over 20.000 innbyggjarar, tettstader med mellom 2.000 og 20.000 innbyggjarar og tettstader med under 2.000 innbyggjarar/andre område.

Fire politidistrikt innfridde krava til responstid i alle tre tettstadkategoriane, medan seks politidistrikt innfridde krava til responstid i to av tettstadkategoriane, kjem det fram av ei pressemelding frå politiet.

– Dei nasjonale krava til responstid vart innfridde i 2022. Det var likevel ikkje alle politidistrikta som innfridde dei lokale krava sine til responstid, seier seksjonsleiar Torgeir Haugen i Politidirektoratet.

To av distrikta innfridde ikkje krava til responstid i nokon av tettstadkategoriane.

I dei tilfella der krava ikkje vart innfridde, var avviket mellom resultat og krav på mellom 0,1 minutt og 12 minutt. Der det ikkje er måloppnåing i samsvar med fastsett krav, er dei fleste avvika frå måloppnåing på mellom 0,1 minutt og 3 minutt.

(©NPK)