Dersom Ørsta og Volda ikkje ser seg om etter fleire å slå seg saman med, må dei rekne med færre gulrøter frå staten.

– Nei, eg synest ikkje det er urettferdig. Eg forstår korleis regjeringa tenker. Dei vil blant anna motivere til å få med småkommunane i reforma. Difor legg dei opp til at det skal utløyse meir i støtte å ta med éin eller to ekstra kommunar. For vår del medfører det at vi får meir dersom vi tek med Hornindal eller Vanylven, seier ordførar Rune Hovde (H) i Ørsta.

Regjeringa legg opp til at kommunar som slår seg saman frivillig skal få gulrøter frå staten i form av økonomisk eingongsstøtte. Kor mykje kvar samanslåing får, er bestemt av kor mange innbyggarar den nye kommunen får, og kor mange kommunar som slår seg saman.

– Eg trur det er avgjerande for prosessen med ei slik ordning. Regjeringa har gjort det klart at dei ikkje vil gi bruer og tunnelar til alle som slår seg saman. Men slike gulrøter er viktige både for å dekke kostnadene med samanslåing og for å motivere kommunane til å starte prosessen, seier Hovde.

Bonus med fleire kommunar

Dersom Ørsta og Volda slår seg saman, utløyser det 40 millionar kroner i støtte frå staten. Dersom dei tek med ein nabokommune, til dømes Hornindal eller Vanylven, bikkar folketalet 20.000 i tillegg til at det blir ein kommune meir. Då blir støtten på 35 millionar kroner, altså 15 millionar meir.

– Dette gjer det meir attraktivt å ta med ein ekstra kommune, men det er viktig å hugse på at det også medfører større kostnadar, seier Hovde.

– Om kommunen blir større, blir utkantane større, og vi får ulemper med store avstandar. Så vinninga kan gå opp i spinninga her, seier ordførar Arild Iversen (KrF) i Volda.

Ålesund får mest

Sunnmørsposten har rekna på kor mykje støtte ein kommunereform kan utløyse på Nordvestlandet.

– Ørsta og Volda mest naturleg

Ordførarane i «Hovden» meiner ser likevel samanslåing av Ørsta og Volda som naturleg.

Både Hovde og Iversen er likevel opne for å diskutere ei større samanslåing.

– No er vi i leitefasen, og då er det viktig at vi ikkje seier nei til nokon løysingar, seier Hovde.

Minst per innbyggar til Stor-Ålesund

Støtten til den nye Ålesund kommune blir likevel ikkje stor nok til at kommunen blir ein vinnar når vi reknar støtte per innbyggar. Den nye bykommunen vil få rundt 80.000 innbyggarar, og støtten per innbyggar vil bli 1.141 kroner. Geiranger vil til samanlikning få over 4.000 kroner per innbyggar.

Merk at desse utrekningane berre inkluderer støtte kommunane vil få som eingongsstøtte. I tillegg blir ei rekke årlege tilskott enkelte kommunar har, vidareførte i fleire år etter samanslåinga. Les meir hos regjeringa.

Avgjerd etter valet

Dei to ordførarane vil ikkje bli sittande på gjerdet.

– No må vi ikkje berre seie nei. Vi må vise initiativ og diskutere løysingar, seier Hovde.

– Kommunalministeren kjem på besøk i september. Det vil nok vere starten for reformprosessen vår, seier Iversen.

Begge meiner ei avgjerd for Ørsta og Volda sin del kjem etter kommunevalet neste år.

– Då får vi ein valkamp og kanskje ei folkerøysting der samanslåing blir tema. Første periode med ny kommune kjem truleg frå 2019, seier Iversen.

Ordførar Rune Hovde i Ørsta og kollega Arild Iversen frå Volda møtte kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner for å diskutere kommunereform i januar. Frå venstre: statssekretær Jardar Jensen (H), Rune Hovde, Arild Iversen og Jan Tore Sanner.