I år feirar vi 50-årsjubileum og vi satsar på minst 50 nye år, smiler styreleiar Ivar Otto Kristiansen i Volda skisenter AS.

Skisenteret er eitt av berre tre skisenter i distriktet som har eit samla økonomisk overskot siste fem åra.

Oppgraderer for åtte millionar

Strandafjellet skisenter er i ein klasse for seg, både når det gjeld omsetning og underskot. Men sjølv om ein held Strandafjellet utanfor, handlar det samla om fleire millionar kroner i minus både i tiårsperioden og dei siste fem åra.

Volda skisenter er tilnærma gjeldfritt og satsar friskt framover. Dei planlegg no oppgradering for over åtte millionar kroner. Av dette er håpet å få tre millionar i spelemidlar.

Klarer seg med ti driftsdagar

Skisenteret har planlagt å oppgradere med blant anna nytt hus til Røde Kors og nytt trekk for brettkøyrarar, som skal avlaste det andre trekket.

– Vi har hatt stopp i investeringane i åtte år, men no er vi klar med neste runde. Vi må halde anlegget «up to date», seier Kristiansen.

Han let seg ikkje skremme av klimaendringar.

– Vi har hatt milde vintrar før, men i løpet av dei 50 åra med skisenter har vi berre hatt to år med færre enn 20 driftsdagar.

Det eine året var 1973 og det andre for tre-fire år sidan. Skisenteret tek høgde for færre driftsdagar og skal klare seg på ti driftsdagar i sesongen.

Mange på dugnad

Og som dei andre kommunane med skianlegg stiller også Volda opp: I 2008 kom det på plass ein avtale om 300.000 kroner i årleg støtte, som kvart år blir indeksregulert. I tillegg betaler kommunen leige av areal for skianlegget til grunneigar. Kommunen er også garantist for lån, men ingen garanti er blitt nødvendig å innfri i tiårsperioden. Kristiansen trekkjer fram det tette og gode samarbeidet mellom privat næringsliv, kommunen og frivillige.

– Når kommunen og næringslivet støttar opp og viser samfunnsansvar, kjem også dei frivillige, seier han og legg til at skisentera er viktige i arbeidet med å skape gode bumiljø.

Skisentera ligg tett rundt Volda, men Kristiansen meiner dei utfyller kvarandre og kan samarbeide.

Bra start på årets sesong

Det nye året starta bra for skisentera i distriktet, med godt påfyll av snø. Sist søndag pøsa regnet ned igjen, men det var bra med både snø og folk i fleire bakkar.

– Vi må ut når det er snø, seier Ingeborg Skogen og Terje Skrede som er i Volda skisenter saman med dottera Eir Skogen Skrede på snart tre år.

Familien har satsa optimistisk med årskort og håpar på snørik sesong. Dette er eit ønske alle skisentera i distriktet deler.

– Så lenge vi får snø, så skal vi få dette til, seier Frode Briksdal som i år er komen inn som dagleg leiar i Stryn vinterski, etter å ha vore ute av drifta nokre år.

Staben er ikkje så stor som før, og skianlegget må i år satse meir på dugnadshjelp.

Blodraude tal

Rekneskapen i Stryn viser blodraude tal. 12,2 millionar i minus siste ti åra talar for seg sjølv. Utan hjelp frå ein velvillig kommune, hadde det ikkje gått. Før jul kom det endå meir pengar; over ein halv million kommunale kroner.

– Utan desse pengane, hadde vi ikkje hatt drift her i dag, seier Briksdal og gler seg over aktiviteten i bakken, trass dårleg vêr.

Dagen før var det så lang kø som han aldri før har sett i botnområdet. Før klokka tolv var parkeringsplassen full av ukjende, osloregistrerte bilar.

– Dei kjem ikkje utan grunn. Dei ser det er snø, og då kjem dei langvegs frå. Folk køyrer hundrevis av kilometer for pudder, seier Briksdal.

Kvelden før var puben på skisenteret fylt av folk frå Fosnavåg og Ålesund på after-ski. Hyttefolk frå dei mange hyttene som siste åra er bygde i Stryn, der sunnmøringane dominerer.

– For skisentera i Stryn og Hornindal har Kvivsvegen betydd mykje, seier Briksdal.

Stryn kommune har bidrege med meir enn 4,3 millionar kroner i skisenteret siste ti åra, ifølgje oversynet Sunnmørsposten har fått frå kommunen. Støtta gjeld blant anna aksjekjøp, innfriing av kommunal garanti på lån og direkte tilskot.

Alpinanlegga på Nordvestlandet ligg tett, og snøfattige vintrar set sitt preg på drifta. Til saman hadde skisentera på Sunnmøre og i Nordfjord over 300 millionar kroner i inntekter i åra frå 2006 til 2015. Ein tredjedel av pengane blei lagde igjen på Strandafjellet, men inntektene er ikkje høge nok til å dekkje dei store utgiftene.

– Å drive skisenter er ikkje noko lukrativt, og det er vanskeleg å seie når vi er i pluss, seier Stig Jarle Rødseth, styreleiar i Strandafjellet Skisenter AS.

Private investorar kjøpte skisenteret av Stranda kommune etter storutbygginga for nokre år sidan. Ifølgje Rødseth er målet å få overskot, slik at ein kan utvikle anlegget vidare.

– Men vi gav sikkert for mykje for anlegget, når vi ikkje går i pluss, seier Rødseth.

Skisentera på Sunnmøre og i Nordfjord hadde samla over 36 millionar kroner i underskot i tiårsperioden. Av dette står Strandafjellet for over 22 millionar kroner. 17 av underskotsmillionane er frå siste fem åra.

Velvillige aksjonærar

Eit anna skisenter som slit er Arena Overøye i Stordal. Dei leiger skitrekka av Stordal alpinsenter AS. Dette eigedomsselskapet har lån i Kommunalbanken, og Stordal kommune garanterer for lånet på 14 millionar kroner.

Driftsselskapet blir av proff.no vurdert som solid, med god likviditet. Lønsemda er det verre med. Frå 2006 har selskapet gått med fleire hundre tusen i minus i ni av ti år. Underskotet er på til saman 4,9 millionar kroner siste ti åra. Berre i 2006 blei det eit lite overskot. Med slike tal tærer selskapet på eigenkapitalen.

– Korleis er dette mogleg? Er det velvilje frå aksjonærane?

– Ja, det er det. Det går hardt på aksjekapitalen, seier dagleg leiar Rune Støverstein.

Arena Overøye AS fekk auka aksjekapitalen med ein million kroner i fjor og er i startgropa for å få inn ytterlegare ein million. Rekneskapen for i fjor er ikkje klar, men ein reknar med at det var minus også i 2016.

– Frå 2019 skal det betre seg litt med utgiftene, seier Støverstein.

Underskotet blir forklart med at ein har slite med fleire dårlege vintrar og at driftskostnadene er større enn inntektene.

– Vi gjer heile tida tiltak i forhold til økonomi. Driftsutgiftene er store, og dei blir endå større etter at vi har fått snøproduksjonsanlegg, seier Støverstein.

På Ørskogfjellet satsar eit nystarta skilag på å sikre drift. Dei er ute etter sponsorar, og målet er å overta anlegget frå kommunen – gjeldfritt.

– Vi har ikkje sjanse til å ta gjeld. Vi ønskjer å drive med overskot og legg opp til ein nøktern måte å drive på. Med gode vintrar og stram økonomistyring har vi god tru på at det skal gå rundt, seier Marianne Lied Sæter.

Meir enn kroner og øre

Skisenter handlar om meir enn kroner og øre i ein rekneskap. Generalsekretær Camilla Sylling Clausen i Alpinanleggenes Landsforening er oppteken av ringverknadene.

– Skisenteret gir ringverknader for folkehelse, hyttebygging og kommersielt reiseliv som hotell og så vidare. Det gir arbeidsplassar. Og skisenter er med på å gjere det meir attraktivt å bu i kommunen, seier ho og trekkjer fram at Stranda kommune som pådrivar for utbygging, såg kva verdiar alpinanlegg skaper også på mindre stader.

Clausen held også fram at skianlegga er fritidsklubbar som samlar vaffelsteikarar og andre dugnadsfolk og skaper tilhøyrsle i lokalsamfunna.

– Er det for mange anlegg på Nordvestlandet?

– Eg tenkjer ikkje det. Dette er næranlegg slik at folk slepp å reise så langt. Anlegga har ulike profil, og eg veit ikkje om anlegg som driv kannibalisme på andre.

In­ge­borg Sko­gen læ­rer opp dot­te­ra Eir Sko­gen Skre­de som snart fyl­ler tre år. Volda ski­sen­ter sat­sar på eit bar­ne­venn­leg til­bod og vil der­med sik­re rek­rut­te­ring til både eige og an­dre al­pin­an­legg. Foto: Marius Bøstrand
Stryn ski­sen­ter har en­ga­sjert den spans­ke me­ka­ni­ka­ren Perfecto Martinez. Når han ik­kje job­bar med mas­ki­ne­ne i an­leg­get, er han flek­si­bel og tek eit tak som heis­vakt. Foto: Marius Bøstrand
Fro­de Briks­dal kjen­ner Stryn ski­sen­ter godt frå tid­le­ga­re og har i år teke på seg å vere dag­leg lei­ar igjen. – Så len­ge vi får snø, så skal vi få det­te til, sei­er han. Foto: Marius Bøstrand
Ivar Otto Kristiansen er dag­leg lei­ar ved Volda ski­sen­ter. Foto: Marius Bøstrand