Klovner i kamp, Marit Larsen og «dødsekonkurranse» i symjehallen er noko av det som står på programmet under Veka i Volda.

Onsdag startar studentfestivalen Veka i Volda. Årets festival er nummer tretti i rekkja, og arrangørane lovar ei skikkelig jubileumsfeiring av studentane sin kjære festival.

Rokken Studenthus får besøk av blant anna hip-hopparane Klovner i Kamp og pop-artisten Marit Larsen.

Noko for alle

Folk/rock-bandet Katzenjammer har den æra å spele første konsert under VEKA, torsdag 12. februar. Bandet som nok er mest kjent for låta «Rock-Paper-Scissor. Som alltid set studentane ved Høgskulen i Volda opp revy, der første framsyning av «Oppdatert» er onsdag 11. februar. Og vil ein ha billettar må ein vere snare.

– Det er selt mange billettar. Klovner i kamp og Marit Larsen byrjar å bli utselt, fortel PR-ansvarleg Maiken Mathisen.

Feiring

Laurdag 14. januar spelar studentbandet Cinnamon City opp til bursdagsfest. Coverbandet lovar dei beste låtane frå 90-talet og fram til i dag, og garanterer god stemning.

– Laurdag blir ein dag med reinspikka moro, seier Veka-sjef Silje Slang Lutnæs.

Alle konsertar og revyframsyningar er på Studenthuset Rokken i Volda, medan andre aktivitetar finn stad rundt om i Volda.

Nytt for året

Veka prøver kvart år å legge til noko nytt på programmet. Og årets jubileum er ikkje noko unntak. I år inviterer dei for første gong til «dødsekonkurranse» i symjehallen, der deltakarane må vise mot frå stupebrettet. I tillegg blir det kanonballturnering i Idrettsbygget, for dei som saknar kroppsøvingstimane på ungdomsskulen.

Styret i Veka har jobba sidan september, og håper folk er innstilt på å feire Veka.

– Vi gleder oss veldig, og er skikkelig spente, seier Silje Slang Lutnæs.

Sjå Veka sine heimesider for fullt program (ekstern lenke)