– Utfallet blei heilt likt som sist. Den nye intensjonsavtalen blei i kveld vedteken med 25 mot 6 røyster. Og det var dei same personane som stemde for og imot no som førre gang, seier Flora-ordførar Ola Teigen til NRK Sogn og Fjordane.

Og medan Per Gunnar Steensvaag - føredragshaldar, samfunnsdebattant og ekspert på norske kommunar, overfor NRK gir uttrykk for å vere svært overraska over intensjonsavtalen og seier han har liten tru på at ein kommune med to kommunesenter vil vere hensiktsmessig, slik dei to ser føre seg med Kinn kommune, har Flora-ordføraren stor tru på samansettinga.

– Vi hatt fått gode tilbakemeldingar frå folk som sit på stortinget om at dette er ei ønska samanslåing. Så eg håper dette no vil gå vegen, seier han til NRK.

Under møtet fekk elles eit krav fra Bente Nilsen (SV) om lovlegkontroll av ei endring i intensjonsavtalen, tre røyster og ergo nok oppslutting. Ifølgje NRK skal Flora-rådmannen greie ut saka og legge den fram for bystyret 27. april, før den går vidare til fylkesmannen for handsaming.