(Vikebladet) I retten forklarte mannen at han sidan starten av 2000-talet har lasta ned svært store mengder med musikk-, film og bildefiler frå ulike fildelingssider.  Mellom dette har det vore store mengder pornografi, ifølgje domen.

Sletta ikkje

"Blant pornografien tiltalte lasta ned var det også overgrepsmateriale og seksualisterte framstillingar av barn. Dette vart tiltalte raskt klart over", skriv tingretten.  Han sletta ikkje dette materialet, tok ikkje kontakt med politiet og heldt fram med å laste ned pornografi.

Mannen kategoriserte allle bilda og filmane han lasta ned.  I domen frå Sunnmøre tingrett heiter det at mannen etter kvart hadde så mykje overgrepsmateriale som vart lasta opp frå hans maskiner og delt på ulike fildelingssider, at han fekk spørsmål om han hadde barn og om han kunne livestreame overgrep av dei.

Tilstod i retten

Då saka vart behandla i tingretten i Ålesund i desember, tilstod mannen.

Politiet hadde teke beslag i minst 816 filmar, og forklarte i retten at filmane viste overgrep mot born frå to år og oppover.

I tillegg til filmane, var mannen tiltalt for å ha lasta ned minst 124.000 bilde som viser overgrep mot born.

Han forklarte at hans aksept for å sjå på overgrep mot og seksualisering av barn vart større og større dess meir overgrepsmateriale han såg.

Sunnmøre tingrett meiner omfanget i saka er skjerpande.

Fekk hjelp frå Kripos

Politiet fekk hjelp frå Kripos i etterforskinga. I tillegg til bilda og filmane som var omfatta av tiltalen, har Kripos merkt 440.000 bilde og 2600 filmar som ulovleg overgrepsmateriale. Det er i domen forklart med at Kripos har eit dataprogram som gjenkjenner overgepsmateriale.

Retten viser til at mannen har bidrege til spreiing av overgrepsmateraile gjennom fildelingsnetverka han har brukt.

– Skjerpande

Sunnmøre tingrett meiner at bruk og deling av denne type materiale bidra til ei normalisering av overgrep mot og seksualisering av barn.

"Ei slik normalisering vil vere skadeleg for barn og for samfunnet elles", skriv retten.

I domen heiter det at det er skjerpande at mannen har drive med nedlasting og deling i minst ni år og fire månader.

Bustaden hans var ransaka hausten 2015, og retten meiner at påtalemakta har brukt for lang tid å få saka for domstolen, sjølv om det var eit omfattande beslag som skulle gåast gjennom.

No er mannen dømt til fengsel i eit år og fire månader.  Han vert i tillegg fråteken datautstyret han har brukt til å laste ned og lagre overgrepsmaterialet.

Denne saka blei først publisert av Vikebladet.