Det syner ein ny trafikk- og finansieringsanalyse for Nordfjordbrua Lote-Anda, utarbeidd av Norconsult. Dette skriv bruselskapet i ei pressemelding.

Sjølv med framtidig realisering av ei bru i indre vil trafikktala over Lote-Anda bli meir enn dobla med bygging av Nordfjordbrua, og utløyse svært store regionale effektar, skriv Norconsult vidare.

I analysen blir det vist til at Eid og Gloppen blir ein tilnærma integrert og felles bu- og arbeidsmarknadsregion.

Det aukar vekstpotensialet både for busetjing og næringsutvikling.

Det skaper også eit nytt tyngdepunkt i Nordfjord-regionen.