Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding.
Kontrakta går på bygging av forskjeringar (startpunkt) for Nogvafjordtunnelen og Fjørtofttunnelen. Begge stadar blir det sprenging, fjeringn av massar og dreneringsarbeid.
Desse har levert tilbod:
AF ABOL v/Busengdal Transport AS: 11,3 millionar
K.A. Aurstad AS: 12,5 mill.
Lesja Bulldozerlag AS: 9,9 mill.
Mesta AS: 14,1 mill.
Vatn Maskinstasjon AS: 18,1 mill.
Volda Maskin: 12,3 mill.
– Vi er veldig godt nøgde med konkurransen også på dennekontrakten, seier prosjektleiar Marianne Nærø.
Statens vegvesen skal no gå gjennom all dokumentasjon og kontrollrekne tilboda, før ein etter planen skriv kontrakt i siste del av september.
Frå før har seks entreprenørar levert inn anbod på førebuande arbeid på Austnes og Longva.
Frist for å levere tilbod på dei siste førebuande kontraktane er 7. september. Kontrakten inneheld førebuande arbeid på Myklebust.