Politiet jaktar søndag føremiddag framleis på ein eller fleire gjerningspersonar, etter at ein Opel Insignia laurdag vart stole frå firmaet Bil & Gummiservice i Hovdebygda i Ørsta. Under det frekke tjuveriet vart bilen køyrd gjennom glasfasaden i bilforretninga.

Observert i Stryn

- Bilen vart observert i Stryn, laurdag kveld, men førebels er ingen tatt for tjuveriet, seier operasjonsleiar Kenneth Sæthre ved politiet på Sunnmøre.

- Vi meiner vi veit kven det er som har stole bilen, og har godt håp å løyse saka, seier han. I tillegg til at politiet på Sunnmøre sjølve er på utkik etter bilen, har dei også varsla andre politidistrikt om bilen som er stole.

Politiet på Sunnmøre varsla om biltjuveriet rett før klokka 17, laurdag men bilen skal ifølgje politiet ha blitt stole allereie klokka 15.30.

- Tjuveri av mørk grøn Opel Insignia stasjonsvogn. Uregistrert, stolen frå bilforretning, køyrt ut av glasfasade, heitte det i den første meldinga.

- Vi er på veg til staden no, sa operasjonsleiar John Bratland til Smp.no kort tid etter. Ein halv time seinare fortalde han at politiet førebels ikkje visste korleis dei som hadde stole bilen hadde kome seg inn i bygninga, og at dei heller ikkje visste kor dei hadde tatt vegen.

Påsett stolne skilt

Ved 18.30-tida, laurdag kunne politiet vidare fortelje at dei hadde fleire observasjonar av bilen rundt Austefjorden.

- Bilen, ein 2014- modell, er påsett grøne skilt med registreringsnummer UN29870, og også desse skal vere stolne. Det kan vere at bilen har skadar i fronten, vart det opplyst.

- Brutalt

Det var Henning Myklebust, som driv Bil & Gummiservice, som oppdaga tjuveriet.

- Vi hadde stengt, men heimefrå synest eg fasaden på bygninga var så rar. Då eg så på den med kikkert, vart eg overtydd og reiste bort. Der fann eg altså glasfasaden knust. Dette er berre så brutalt, seier han til Smp.no.

Blir oppdatert.