Valvinden var med på å gi Høgre eit godt val i Vågsøy for fire år sidan, og Morten Hagen vart ordførar. No går Hagen for fire nye år. Sjølv med ein tilbakegang på 2,6 prosent til 27,2 prosent er Høgre det største partiet i Vågsøy, men Arbeiderpartiet gjer eit brakval.

Arbeidarpartiet har hatt varaordføraren i Vågsøy, og Kristin Maurstad har nok ambisjonar om å ikkje lenger spele andrefiolin i kommunepolitikken.

Og med 21,1 prosent, ein framgang på heile 10,3 prosent, gjer at det slettes ikke er umuleg.

Hogne Bleie er Frp sin førstekandidat og må registrere ein tilbakegang på 5,8 prosent til 7,6 prosent, medan Nils Myklebust er ordførarkandidat for Senterpartiet. Også han må registrere at partiet hans går tilbake. Då med 3,1 prosent til 13,2 prosent.