Ordførar Arild Iversen (KrF) har hatt brei støtte bak seg i kommunestyret i Volda dei siste fire åra, og Iversen har gjort nok eit godt val.  KrF har gått fram med 4,3 prosent.

Før valet har dei raudgrøne partia (Ap, SV og Senterpartiet) presentert seg som ei samla blokk, med Jørgen Amdam (Ap) som ordførarkandidat. Dei er avhengige av å gjere eit svært godt val for å sende Iversen ut av ordførarkontoret.

Det har gjort Ap godt, medan det ikkje har gjort store utslag for Sp og Sv. Arbeiderpartiet har gått fram med 6,9 prosent og er med det nest største parti med sine 21,2 prosent. Senterpartiet og Sv har nok ikke fått det dei håpte av samarbeidet. Senterpartiet går fram med 0,7 prosent til 11,8 prosent. Sv går ein prosent tilbake og har då 6,8 prosent.

Venstre gjekk tilbake med 5,5 prosent, som var akkurat det same som Miljøpartiet Dei Grøne gjekk fram med.

Eit meget godt val for Miljøpartiet dei Grøne som er nykomar i kommunevalet i Volda.

Dei blå partia gjekk begge tilbake. Framstegspartiet med 1,8 prosent til 14,6. Høgre gjekk tilbake med 3,7 prosent til 10,4 prosent.