Bussjåføren må betale over ein halv million kroner i erstatning og er dømd til fengsel i fem måneder etter bussulukka ved Fardal i fjor.

Det melder NRK.

Statsadvokatane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane tok ut tiltale for aktlaust drap mot ein svensk bussjåfør etter bussulukka på riksveg 55 ved Fardal i Sogn der to kvinner omkom i august i fjor. Dei to omkomne var ei 24 år gamal kvinne frå Ålesund som studerte i Sogndal, og ei kvinne frå Taiwan. Omlag 30 personar var involvert i ulukka.

Føraren av den svenske bussen er no dømd for aktlaust bildrap. I ei 60-sone kolliderte den svenske turbussen og den lokale rutebussen.

Begge førarane vart sikta etter ulukka 12. august i fjor, men berre den svenske føraren vart tiltalt, og han har nekta straffskuld gjennom heile saka.

– Eg registrerer at dommen er veldig grundig, og at påtalemakta har fått medhald på alle punkt, med unntak av straffutmålinga, seier aktor i saka, politiadvokat Anette Stegegjerdet Norberg til NRK, om dommen.

Mannen sin forsvarar Geir J. Kruge seier at klienten hans er på reise av private årsaker og at han ikkje har fått sett seg inn i dommen.

Difor vil han ikkje kommentere saka.