Fjordenes Tidende melder at ein mann frå Vågsøy er sikta for å ha køyrd 171 kilometer i timen på motorsykkel. Mannen skal ha stukke av frå politikontroll, og i dag har han vore i nye avhøyr.

Ei patrulje frå Utrykkingspolitiet hadde fartskontroll i 80-sona på Rv 15 ved Almenning i Vågsøy den 27. juni. Mannen blei målt til 171 kilometer i timen, men stakk av frå kontrollen. Den same motorsyklisten skal ha passert ein kontrollpost på nytt i retning Nordfjordeid.

Ifølgje avisa kjenner politiet seg sikre på at dei har personen som køyrde. Etterforskingsleiar Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor seier at mannen i 20-åra har samtykka til at politiet har inndrege førarkortet, men vil ikkje kommentere om mannen erkjenner skuld.