Telenor og NetCom sitt mobilnett var slått ut på store delar av indre Sunnmøre torsdag ettermiddag og kveld.

- Det er noko utstyrsfeil i sjølve sentralen. Vi sjekkar om det er riktig type utstyr i nærliggande sentralar, men har bestilt ekstra fra hovudlageret vårt på Fåberg. Dette er ikkje framme før klokka 22, seier Per A. Meling i Telenor til smp.no klokka 17.24.

- Det vil gå litt tid og feilen blir truleg retta i løpet av kvelden ein gong, seint på kvelden, seier Meling.

Klokka 20.42 opplyser Telenor at dei er på veg over fjellet med utstyr.

- Kor mange som befinn seg i området veit eg ikkje, men det er ca. halvparten av basestasjonane totalt som er ute i dei fire kommunane. I Sykkylven er nettet mindre ute, men problema er større i dei tre andre. Mange vil nok ha dekning, men når halvparten av basestasjonane er ute så blir det kapasitetsproblem. Det er fort nokre hundre som er berørt, seier informasjonssjef Torild Uribarri i Telenor klokka 21.

Retta like over midnatt

Forventa rettetid er satt til klokka 02. - Det er litt avhengig av når dei får satt på plass utstyret. Håpet er sjølvsagt at det skjer så fort som mogleg, seier Uribarri.

Feilen skal også ramme NetCom-kundar.

Fredag morgon opplyser operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt at feilen er retta.

- Vi fekk melding frå Telenor klokka 00.10 om at feilen var retta, seier Ødegård til smp.no.

Slått ut

Det var eit datakort i ein sentral på Stranda som gjekk i stykker klokka 11 torsdag, opplyser regional informasjonssjef Per A. Meling i Telenor til smp.no.

- Vi må til Ålesund for å skaffe eit nytt kort til sentralen, og håpar å ha nettet oppe igjen før klokka 16, sa Meling då.

Han seier det ikkje var noko spesiell hending som gjorde at kortet vart øydelagd. Truleg gjekk det rett og slett sund eller vart defekt.

Fire kommuner råka

Totalt er 18 basestasjonar råka av uhellet, og delar av Norddal, Stranda, Stordal og Sykkylven kommunar er utan mobildekning.

- Kor mange er berørt av dette?

- Det er vanskeleg å seie, ein del har nok mista mobildekninga der stasjonar er borte. Nokre er på reise i området og det er vanskeleg å seie kor mange som er råka. Det er også overlapping av basestasjonar, så ein del plassar er det nett, seier Meling.

Både fasttelefonar og breiband fungerer i området.

Les fleire nyheiter frå indre Sunnmøre her

Ta kontakt med lokalt legekontor

- Kva skal folk gjere om dei treng akutt hjelp i ein slik situasjon?

- Dei bør kome seg til ein fasttelefon, eller til ein stad der det er dekning. Ellers virkar breibandet som det skal, seier Meling til smp.no.

Helseføretaket ba folk ta kontakt med lokal lege dersom dei trong hjelp:

- Om du treng akutt helsehjelp, og ikkje får kontakt med 113 - ta kontakt med lokalt legekontor eller ambulansestasjon, opplyste Helse Møre og Romsdal på sine heimesider.

Kai var slått ut

Ferjesambandet Eidsdal - Linge fekk problem i tidsrommet etter at Telenor-vanskane kom, og dette skal ha samanheng med tele-trøbbelet.

Fjord1 melder at Linge ferjekai er ute av drift.

- Det blir arbeidd for å reparere dette. Inntil dette er utbetra, går trafikken i sambandet mellom Eidsdal kai og Valldal kai, opplyser selskapet på sine nettsider.

Virka - ei stund

Litt før klokka 15 var nettet oppe ei lita stund - før det datt ut igjen.

- Vi fekk kobla det opp, men av uviss årsak datt det ut igjen, seier Meling.

Det er førebels ikkje kjent om personar har slitt med å nå naudetatane.

Har du tips i saken? Tips oss på 95 400 400 eller på 95400400@smp.no!

Informasjonssjef i Telenor Per A. Meling.