Forlaget Bazar og «Foreningen! les» står bak konkurransen «Skriv din drøm». Juryen har vurdert nærare 10.000 tekstar.

Heile tre bidrag frå Myklebust skule i Vanylven var med blant topp 65. Også elevar frå Volda ungdomsskule var med så langt i konkurransen.

Les også: – Pc gir skriveglede

No står 10.-klassingen Maria igjen som ei av dei 15 beste.

Ti vinnarar blir kåra i slutten av april. Premien er lesebrett og profesjonell innlesing av vinnartekstane på lydbok.

Sjølvmord-historie

Maria Vildalen Bjelde skreiv «Sorte kapper eller lyse lokkar», ei historie om sjølvmord.

– Det er draumen om å vere fri eg har skrive om. For hovudpersonen er det døden, seier Maria.

– Ei trist historie?

– Ja. Men det er ikkje min draum det handlar om. Då eg forstod at vi kunne skrive om kva som helst, blei det lett å skrive. Eg prøvde å ta i bruk metaforar og språklege bilete, for det er slikt lærarar liker. Kan hende er det difor min tekst har kome langt i konkurransen. Eg jobba mykje med språket, seier Maria.

Les flere ung-saker på smp.no

Likar best matte og naturfag

– Men eg er overraska over at min tekst framleis er med. Eg er ikkje spesielt flink til å skrive. Eg likar matte og naturfag betre. Men det er kjekt å kome så langt i ein så stor konkurranse, seier ho.

Også Ingeborg Aarø og Rikard Aarvik kom langt i konkurransen, til topp 65.

– Det at det var ein konkurranse har nok inspirert mange til å jobbe ekstra med tekstane. Denne stilen er nok den beste eg har skrive. Eg fekk med mykje symbolikk, seier Ingeborg.

– Eg skreiv om ei tvillingsøster med leukemi. Draumen er at ho får liggje i eit rosehav. Det gjer ho til slutt, når ho døyr, fortel Ingeborg.

– Eg skriv ofte dystre stilar, og får gode tilbakemeldingar. Skriving er kjekt, men helst vil eg bli interiørarkitekt, seier Ingeborg.

Rikard valde eit urealistisk tema:

– Fyrst var skriveoppgåva vanskeleg, til eg forstod at eg kunne skrive heilt fritt. Eg skreiv om ei gruppe ultra-menneske med spesielle evner. Hovudpersonen har ein draum om å vere vanleg i staden, eit medmenneske, seier Rikard.

– Kva er din draum?

– Eg vil bli journalist.

Les flere kulturnyheter på smp.no

Høgt nivå

Pressekontakt Siw Grindaker i Bazar forlag seier juryen er imponert over nivået på mange av tekstane.

– Her er mange spanande unge stemmer, mykje god fantasi og litterære kvalitetar på høgt nivå. Juryen trur dei har lese starten på fleire framtidige forfattarskap, seier Grindaker.

Framleis med. Maria Vildalen Bjelde ved Myklebust skule.