– Vi gjer vårt beste for å ta vare på pårørande og mannskap, seier reiar Tormund Grimstad.
Den omkomne var også ein ven av reiaren, fortel Erik Tveten. Tveten er medlem av beredskapsgruppa i Nordnes-reiarlaget og pressekontakt.
– Er det andre om bord som er skadd?
– Det er ingen andre som er skadd. Alle er fysisk uskadd, men sterkt prega, seier Tveten.
Det var søndag at ein av mannskapet omkom i det reiarlaget omtalar som ei tragisk ulukke.
Båten er venta til land i dag.
– Det blir ei minnestund om bord i båten når den kjem til land i kveld, seier Tveten.
– Då er det også eit kriseteam som går om bord, seier han. Temaet på to har som spesialfelt å ta vare på pårørande etter sterke opplevingar, fortel han.
Familien
Den omkomne mannen er i 40-åra.
Han har vore tilsett i reiarlaget i mange år.
Familien etter han bur i Latvia, opplyser Tveten.
Han ønskjer ikkje å gå i detalj om korleis reiarlaget har hjelpt dei, anna enn at han seier familien er godt teken vare på.
Startar undersøking i morgon
Statens havarikommisjon sender folk til Ålesund i dag, for å undersøke kva som har skjedd, kvifor det skjedde og korleis ein kan unngå at det skjer igjen.
– Vi har innhenta ein god del informasjon, og vi sender folk i dag for å møte båt og mannskap, seier William J. Bertheussen i Havarikommisjonen.
Bjørn Bratfoss er undersøkingsleiar. Av omsyn til pårørande, ønskjer han ikkje å fortelje noko frå hendingsforløpet som han kjenner til.
– Vi er to personar som reiser oppover i ettermiddag. Undersøkingane reknar vi med å starte med i morgon, med samtalar med mannskapet om bord, seier Bratfoss.
Politiet: – Alt tyder på ulukke
Også politiet reknar med å starte undersøkingane torsdag morgon.
– Alt tyder på at det er ei ulukke, eventuelt eit brot på sikkerheitsrutinar, seier etterforskingsleiar Øystein Ruud på førehand.
Politiet har ikkje fått melding om andre skadde om bord.
– Vi vil snakke med sentrale folk om bord i båten og gjere kriminaltekniske undersøkingar, seier Ruud.