Ti på seks måndag morgon fekk politiet i Stryn melding om at ein buss hadde køyrt av vegen i Oppstryn.

Til Sunnmørsposten fortel politiet at bussen skal ha stått på hjula på eit jorde, men kom seg opp igjen etter bilberging.

Korkje politi eller ambulanse rykkja ut til staden.

Fjordingen melder at det er Møreekspressen som har køyrt av vegen ved Dispen mellom Oppstryn og Nedstryn.

Bussen skal ha hatt 55 passasjerar.

- Ingen personar er skada etter hendinga. Det skal ikkje ha vore dramatiske omstende, seier marknadssjef i Nettbuss Travel, Svein-Arne Vik til Fjordingen.

I følge Fjordingen står bussen framleis på jordet, medan passasjerane blei henta av ein annan buss og frakta til Ulsteinvik.

Det er framleis uklar kva som er årsaka til ulukka.