Ein mann i 50-åra må møte i retten tiltalt for blant anna truslar mot tilsette i ei bedrift i Ålesund, og for å ha kasta egg på ein politibil.

I mai i år skal mannen ha vifta med karatepinnar/nunchaku mot tilsette frå ei bedrift. Han skal ha slått i veggane og kome tett opp i ansiktet til arbeidarane og sagt dei skulle «passe seg».

Karatepinnar er rekna som eit valdsprodukt og er ulovleg her i landet, ifølgje våpenforskrifta.

Mannen er også tiltalt for å ha kasta 15 egg og grisa til ein politibil.

Vidare er han tiltalt for å ha køyrt bil utan gyldig førarkort.

Han er også tiltalt for å ha bore kniv på offentleg stad fleire gonger: på gata, politistasjonen og på sjukehuset i Ålesund.

Mannen må også svare for at han ikkje heldt seg vekke frå ei adresse i Ålesund, trass i pålegg frå politiet.

Han er også tiltalt for å ha kome med skjellsord mot politiet under ein arrestasjon i haust.

Det siste tiltalepunktet handlar om at han tok tre varer frå kantina på sjukehuset, utan å betale for seg.