Det var Reidun Hestetun (61) som omkom i ulykka. Ho var busett i Bergen, skriv Vest-politiet i ei pressemelding.

61-åringen var tilsett som sjukepleiar i Equinor. Dei pårørande er varsla om frigiving av namnet.

Fem andre vart skadde i ulykka. Dei var alle tilsett i helikopterselskapet Bristow.

– Politiet har til no gjennomført to avhøyr av dei som var om bord helikopteret. Vi kan ikkje gå inn på kva dei har forklart på dette tidspunktet, skriv politiet.

(©NPK)