Det er NRK Vestland som melder om desperate turistar på besøk på Vestkapp.

– Dei braut seg inn på utedoen, rett og slett. Knekte av døra og brukte toalettet, seier Kristina Myrseth ved Vestkapp restaurant til NRK.

Fjordenes Tidende har skrive om korleis Myrseth før den store cruisedagen frykta forholda ville bli på Vestkapp, med 10.000 cruisepassasjerar som kom i land i Måløy, i tillegg til nokre tusen på Nordfjordeid. Myrseth stengte derfor restauranten, og opna først klokka 16.

Restaurantdrivaren vil ikkje legge skulda for doinnbrotet på turistane, og meiner problemet ligg hos kommunen og reiseoperatørane som ikkje vil dekke kostnadane. Det var Stad kommune som sette opp dei tre provisoriske toaletta på Vestkapp i 2019, men det er restauranten som får kostnadane.

Ordførar Gunnar Silden i Stad seier til NRK at dei no kanskje vil sjå på avtalen igjen. Måløy Adventure ved Frank Willy Djuvik meiner situasjonen burde kunne handterast på ein annan måte.

– Det kjem hundrevis av menneske på ein slik dag. Det er garantert at nokon må på do, seier han til NRK.