– Heilskapsbiletet er heilt klart nedslåande, seier Ove Boga, leiar for A-krimsenteret i Vestland.

Aksjonen vart gjennomført kvelden 27. og natt til 28 september. Arbeidstilsynet vil følgje opp 20 av dei 53 verksemdene.

– Vi kjem til å halde fram med å følgje opp denne bransjen. Vi ser absolutt behovet for meir regulering og oppfølging i heile kjeda, frå dei som bestiller varelevering, til dei som køyrer ut varene. Det vi har sett over tid, både i regionen vår og nasjonalt, blir dessverre også stadfesta ved denne kontrollen, seier Boga.

Varebilbransjen, køyretøy under 3,5 tonn, er ein uregulert bransje. Det betyr at ein enkelt kan opprette ei verksemd, utan løyve eller krav, ifølgje A-krimsenteret.

Open for dialog

– Sjølv om vi ikkje har alle detaljane, tek vi alle slike rapportar alvorleg. Det primære målet vårt er å halde oppe god internkontroll for å minimere moglege avvik, skriv administrerande direktør Trond Håkon Norheim i Schibsted Distribusjon Vest i ein e-post til Bergens Tidende.

Han skriv det ikkje er akseptabelt med avvik frå leverandøravtalar.

Eirik Svensson, som leier Vestnorsk Transportarbeiderforening, kritiserer Schibsted Distribusjon for å ikkje ha fast tilsette varebilsjåførar.

– Vi har prata med ein del av dei som er ute og køyrer aviser. Dei fortel om lange arbeidsdagar, låg lønn og at dei er nøydde til å ha jobb for både Schibsted og andre for å få det til å gå rundt, seier han.

– Med rett oppfølging og effektive kontrollmekanismar meiner vi at dette er ei berekraftig løysing for oppdraga våre, skriv Norheim, og legg til at Schibsted er open for dialog med fagforeininga og andre for å forbetre arbeidsforholda.

Opplæring utan lønn

Fleire sjåførar opplyste at dei var på opplæring utan å få lønn. 26 av 53 verksemder skuldar 5,4 millionar i forfalne krav. Skatteetaten følgjer opp desse sakene nærare.

I alt 39 av dei 53 verksemdene er enkeltpersonføretak. 22 prosent av sjåførane har norsk/dobbelt statsborgarskap, det vil seie at 78 prosent av sjåførane har utanlandsk statsborgarskap.

– Av erfaring veit vi at denne gruppa er sårbare for utnytting. Utanlandske arbeidstakarane er avhengige av å raskt komme seg i arbeid, dei veit lite om regelverket, og det er få krav til kompetanse, seier Boga.

A-krimsenteret har funne at arbeidsgivarar i bransjen organiserer seg vekk frå arbeidsgivaransvaret ved at utanlandske arbeidstakarar blir pressa til å opprette enkeltpersonføretak i staden for å vere tilsette. Slik kan arbeidsgivarar fråskrive seg ein del ansvar, og arbeidstakarar mistar rettane sine som tilsette.

Skremmande dårleg

Statens vegvesen gjennomførte teknisk kontroll av 17 køyretøy., Av desse fekk to bruksforbod, åtte køyretøy fekk skriftlege manglar, og det vart utskrive åtte gebyr. Vegvesenet har kommentert at det var skremmande dårleg kvalitet på køyretøya.

– Vi ser sjåførar som arbeider seks netter i veka og køyrer lange avstandar i køyretøy med skremmande dårleg kvalitet. Ser ein det i samanheng med høge forfalne skattekrav, kan ein setje spørsmålsteikn ved om dette er berekraftig, seier Boga.

Han samanfattar kontrollen slik: Den viser klare indikasjonar på arbeidslivskriminalitet i form av brot på arbeidsmiljølova, svart arbeid, svart omsetning og mogleg trygdesvindel.

A-krimsenteret er eit tverrstatlig samarbeid mellom Skatteetaten, politiet, Arbeidstilsynet, Nav og Tolletaten.

(©NPK)