Det er det svakaste resultatet for Høgre i Norstats målingar sidan desember 2021, men framleis nok til å behalde statusen som det største partiet i landet. Det kjem fram i novembermålinga Norstat har gjort for Aftenposten og NRK.

– Vi går jo mykje tilbake, og det er aldri noko hyggjeleg. Men samtidig er vi dei klart største partia i landet, og vi gjer historisk sett ei ganske god meiningsmåling, seier nestleiar Henrik Asheim i Høgre.

Også regjeringspartia fell på målinga, Ap går tilbake 0,8 prosentpoeng til 20,2 og Senterpartiet går ned frå 6,6 prosent i oktober til 5,6 prosent no i november.

SV og Framstegspartiet går mest fram i målinga med ein oppgang på høvesvis 1,9 og 1,3 prosentpoeng. Elles er Industri- og næringspartiet over sperregrensa på målinga. Med seks stortingsrepresentantar hamnar partiet på vippen på Stortinget. Dei fire borgarlege partia får 82 mandat, medan venstresida får 81.

Oppslutninga til partia (endring frå oktober i parentes):

Høgre 24,6 (-3), Ap 20,2 (-0,8), Sp 5,6 (-1), SV 10,6 (+1,9), Frp 12,9 (+1,3), MDG 4,6 (+0,8), Raudt 4,2 (-1,1), Venstre 6,4 (+0,6), KrF 4 (+1) og INP 4,3 prosent (+1,1).

(©NPK)