Noverande leverandør, Atea, har vore i hard storm etter feil ved alarmar som skal gjere det tryggare for eldre.

Bakgrunnen er dødsfallet i januar, der det viste seg at tryggleiksalarmen til den eldre kvinna ikkje fungerte. Det er ikkje påvist årsakssamanheng mellom feil på alarmen og dødsfallet.

Sjølv om Ålesund kommune 15. mai valde å gå vekk frå sitt erstatningskrav, har det ikkje før no vore klart kven som i framtida blir leverandør av tryggleiksalarmar.

Prosessen med å inngå ny kontrakt om velferdsteknologi blei starta heilt uavhengig av feila på dagens alarmar.

No er det klart at Ålesund kommune har valt å halde fram samarbeidet med Atea. Det kjem fram i ei pressemelding.

Foto: Illustrasjon

Det er eitt av tre norske selskap som er valt som leverandør for velferdsteknologi

Avtalen gjeld fem område:

  • Tryggleiksalarm (Tellu og Atea)

  • Digitalt tilsyn (Tellu, Atea og Hepro)

  • Lokaliseringsteknologi (Tellu, Atea)

  • Medisineringsstøtte (Tellu)

  • Kollegavarsling (Atea)

I pressemeldinga skriv Ålesund kommune at kommunane har valt å leggje opp avtalen slik at dei einskilde leverandørane leverer færre ulike produkt og derfor har fått meir konkrete oppgåver.

«Samstundes vil denne avtalen i sum gje langt større utval i produkt, ved at ein har nytta fleire leverandørar. Slik kan kommunane gje eit betre og meir individualisert tilbod til brukarane av velferdsteknologien», skriv kommunen.

Sula kommune er den einaste av kommunane på Sunnmøre som har valt å ikkje bli med vidare i samarbeidet.

– Kommunane må ta i bruk ny teknologi for å tilby gode helsetenester og bruke helsefagleg kompetanse der den trengst. Derfor er vi i Tellu svært glade for at vi har blitt valt som ein av leverandørane når kommunane på Sunnmøre tar et proaktivt grep for sikre gode helsetenester, seier administrerande direktør i Tellu, Ståle Moe, i ei pressemelding.