Sunnmørsposten oppdaterer saka.

Laurdag kveld, like før klokka 19, meldte Vest politidistrikt at ein mann har falle i ei stri elv i Bødalen i Stryn kommune.

– Meldt om ein mann i 60-åra som har falle i ei stri elv. Er per no sakna, skriv dei på X.

– Mannen blei lokalisert og heist ut av elva av eit redningshelikopter i samarbeid med lokalt brannvesen og andre på staden, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt til NTB.

Mannen blei flydd til sjukehus, og tilstanden er ukjend men han var i live då han blei henta opp.

Det er stor vassføring i elva som kjem frå Bødalen. Ulykka skjedde lenger inn i dalen. Foto: Roger Oldeide/ Fjordingen

– Mannen var del av eit jaktlag, og det var dei andre i jaktlaget som melde frå om hendinga, seier operasjonsleiaren vidare til NTB.

Politiet blir på staden for å prate med dei andre i jaktlaget og kartlegge kvifor mannen hamna i elva. Kriseteamet i kommunen skal også vere varsla.

På Flightradar.com kan ein sjå at både redningshelikopter frå Florø og ambulansehelikopter frå Ålesund var i området.

Ambulansehelikopter frå Ålesund og redningshelikopter frå Florø er i området. Foto: Skjermdump frå Flightradar