Brannvesenet meldte fredag kveld om ei trafikkulykke på Nordstranda i Vanylven kommune.

Ifølge 110-sentralen for Møre og Romsdal skal det vere snakk om ein bil med berre sjåfør. Dei gjorde merksam på at det var svært glatt på staden fredag kveld.

Operasjonsleiar i politiet, Per Åge Ferstad, sa til Sunnmørsposten at sjåføren skal ha vore oppegåande, men at vedkommande vart frakta til Volda sjukehus for ein sjekk.

– Overgangsvêret gjer at det kan vere glatt i heile fylket, sa Ferstad.